natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
Kor fort går lyset?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål |nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Sei: Vi klarer ikkje måle lysfarten, og vi klarer ikkje måle kor langt unna stjernene er. Korleis trur du forskarar klarer å måle dette? Bruk tenk-par-del . La elevane bruke internett for å finne ut om ideane deira stemmer.
Spør: Kva veit de om lysbrytning? Kvifor trur det at tynne glastrådar som vi kallar optiske fibre blir bruka til telenettet?
Sei: Lysfarten i vakuum er litt under 300 000 000 m/s. Stjernene på himmelen er veldig langt unna jorda. Det tar litt over 4 år for lyset frå den nærmaste stjerna, Proxima Centauri, å nå oss. Lyset frå objektet som er lengst borte i universet som vi kjenner til har bruka omtrent 13 milliardar år for å nå oss, altså 13 000 000 000 år. Lysfarten i luft er litt mindre, men berre omtrent 0,03 %, så han er nesten den same som i vakuum. Lyset går saktare gjennom gjennomsiktige gjenstandar, omtrent 25 % saktare i vatn og omtrent 33 % saktare i nokre typar glas.
Be elevane skissere korleis lyset bøyer seg når det går frå luft il vatn eller glas.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)