natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
- teknologi og forskningslære x og 1
- teknologi og forskningslære 2
Kva for farge bør ein solfangar ha?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Snakk saman om det å kle seg i svart eller kvitt ein varm sommardag påverkar kor varm du føler deg. Spør: Korleis er det å sette seg inn i ein svart eller kvit bil på ein varm sommardag? La elevane måle temperaturen i ein svart og ein kvit skoeske. Spør: Kvifor trur de at hus i varme land ofte er måla kvite?
Forklar til elevane: Fargen på ein solfangar har noko å seie, fordi svarte overflater absorberer meir lysenergi enn kvite. Grunnen til at ei svart overflate ser svart ut er at ho absorberer lysenergi i staden for å reflektere han. Når strålinga blir absorbert, aukar temperaturen. Ein svart solfangar absorberer meir av sollyset og varmar dermed opp vatnet eller væska som sirkulerer i solfangaren meir enn ein kvit solfangar som er like stor. Ein kvit solfangar reflekterer meir av sollyset.
Sei: Forskarar er bekymra over at isen på polane smeltar på grunn av klimaendringar. Kvifor vil dette ha noko å seie? Be elevane lage ei skisse for å forklare kvifor forskarar er bekymra.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 BA
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM705)
- bruke begrepene energiovergang, energibevaring og virkningsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg (KM707)
-
Vg1 EL
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM712)
-
Vg1 TP
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM718)
- undersøke og vurdere ulike metoder for lagring og overføring av energi (KM743)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
svart- og kvitmåla skoesker
termometer