natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Skilje vatnet og saltet i saltvatn
Engasjere
Start med å vise eit begerglas med saltvatn og eit begerglas med ferskvatn. Kva ser de her? Korleis trur de vi kan finne ut om det er det same i begge glasa?
Slepp eit rått egg ned først i eit glas med ferskvatn og etterpå i eit glas med saltvatn. Alternativt kan du helle ferskvatnet forsiktig over saltvatnet (40 g havsalt per dl vatn), slik at det blir to lag. Kva trur de vil skje med egget i ferskvatnet? Og i saltvatnet?
NRK har ein film som viser aktiviteten: «Egg flyter i saltvann» (sjå også aktivitetane «Synker egget?» og «Demonstrasjonsforsøk del 2»). De vil observere at egget søkk i ferskvatn (så sant egget er ferskt nok), men flyt i saltvatn (så sant det er nok salt). Når ferskvatnet flyt over saltvatnet, vil egget flyte i mellomsjiktet. Kvifor trur de egget flyt i saltvatn og søkk i ferskvatn? Korleis er det å bade i saltvatn i forhold til i ferskvatn? Har nokon høyrt om eller bada i Daudehavet?
Utforske
Oppdrag: skilje vatnet og saltet i saltvatn.
Kva trur de saltvatn består av? Kva for stoff trur de vi finn i saltvatn?
Korleis kan vi skilje salt og vatn frå kvarandre? Korleis kan de samle opp vatnet som fordampar?
Tips
- Ta saltvatn på hendene eller legg nokre få dråper på ein skål og følg med på kva som skjer.
- Fyll to skålar med saltvatn, ta plastfolie over den eine for å samle vassdråper. La stå til neste dag.
- Bruk stormkjøkken for å varme opp saltvatnet, avkjøl vassdampen for kondensering.
Forklare
Elevane fortel kva dei fann ut med støtte i det dei har skrive ned. Bland smågruppene, slik at elevane fortel til nokon dei ikkje prøvde ut saman med.
Kva fann de ut at saltvatn består av? Kva kan vi gjere for å sjå saltet som er i saltvatnet?
Saltvatn er ei blanding av salt og vatn der vi seier at saltet er løyst i vatnet. Saltvatn kallast ei løysning. Vi kan skilje saltet frå vatnet ved å la vatnet fordampe, da blir saltet liggande igjen.
Utvide
Ei måte å utvide temaet på er å snakke om kvifor havet er salt. Kvar trur de saltet i sjøen kjem frå? På www.usgs.gov finn du ein interessant artikkel om temaet; «Why is the Ocean Salty?».
Faglig forklaring
Saltvatn har høgare massetettleik enn ferskvatn. Eit egg vil ha høgare tettleik enn ferskvatn og dermed søkke i ferskvatn, men lågare tettleik enn saltvatn og dermed flyte i saltvatn.
Salt som løyst opp i vatn, vil ikkje vere synleg sjølv om det er der.
Kommentarer/praktiske tips
Her er hensikta at elevane skal bli engasjert gjennom samtalen om kva som er forskjell på saltvatn og ferskvatn. Ved å ta utgangspunkt i kvardagserfaringar dei har med å bade i salt- og ferskvatn blir temaet knytt til noko kjent. Kva elevane har av forkunnskapar om saltvatn og ferskvatn kjem fram. Demonstrasjonen av egget som flyt i saltvatn og søkk i ferskvatn har til hensikt å få elevane til å undre seg over kvifor dette skjer.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
4. trinn
- utforske og beskrive vannets kretsløp og gjøre rede for hvorfor vann er viktig for livet på jorda (KM763)
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
- ukokt egg
- gjennomsiktig glass
- saltvatn (40 g havsalt per dl vatn)
- ferskvatn
- ei skål til kvar gruppe
- evt plastfolie
- evt stormkjøkken eller annan varmekjelde