natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- 3-4 timar
Kva er forskjell på ferskvatn og saltvatn?
I dette opplegget skal elevane få erfaring med kva saltvatn er og nokre av eigenskapane til ferskvatn og saltvatn.
Sjøvatn kan innehalde ulik mengde salt, men havvatn har omtrent 3,5 % saltinnhald (først og fremst natriumklorid, men også andre salt). Vi kan enkelt lage vårt eige saltvatn ved å løyse vanleg bordsalt (natriumklorid) i vatn. Vi får løyst meir salt i varmare vatn, og havsalt blir meir usynleg i vatnet enn salt tilsett jod.
Saltvatn er eit eksempel på ei blanding av to stoff; salt og vatn. Når saltet er heilt jamt fordelt i vatnet, kallar vi blandinga ei løysning. Saltvatn ser ut som vanlig vatn når saltet er helt løyst opp. Likevel er saltet der. Vi kan smake det. Eller vi kan sjå det om vi let alt vatnet fordampe. Vatnet fordampar frå løysninga og saltet blir verande igjen ved oppvarming eller om saltvatnet står lenge nok.
Ein annan måte å erfare at vatn og saltvatn har ulike eigenskapar er å legge planter eller halde huda vår nedi. Cellene vil svelle i vatn og skrumpe i saltvatn. Grunnen til dette er konsentrasjonsforskjellen på utsida og innsida av cellene. Inni cellene er det salt, så i reint vatn er vasskonsentrasjonen høgare på utsida. Da vil vatnet flytte seg frå der det er høgast konsentrasjon til der det er lågast, det vil seie at vatnet går inn i cellene som dermed svell. I saltvatn er det meir salt enn inni cellene, vasskonsentrasjonen er høgare inni cellene enn utanfor, slik at vatnet går ut av cellene og dermed skrumpar. Denne vasstransporten frå høg til låg konsentrasjon ut eller inn av cellene kallast osmose.
Saltvatn har større tettleik enn reint vann. Det vil seie at same volum inneheld fleire partiklar, partiklane sit tettare. Dette gjer at saltvatn søkk i ferskvatn, mens reint vatn flyt over saltvatn.
Læringsmål
- fortelje kva saltvatn er
- gjere forsøk med oppvarming av saltvatn og beskrive kva som skjer
- gjere forsøk med planter i vatn og i saltvatn og fortelje kva som skjer
Nøkkelord og omgrep
Løysning, blanding, reint stoff, fordampe, oppløyst, saltvatn, ferskvatn, stoff, salt, skrumpe, svelle.
Samandrag
Engasjer elevane ved å samtale om kva som er forskjell på saltvatn og ferskvatn. Ta utgangspunkt i kvardagserfaringar dei har med å bade i salt- og ferskvatn. Vis egg i ferskvatn og i saltvatn. La elevane utforske måtar å skilje vatnet og saltet i saltvatn. La elevane forklare kva saltvatn består av og suppler med naturfaglege omgrep. Utvid temaet ved å samtale om kor saltet i sjøen kjem frå.
Engasjer vidare ved å ta utgangspunkt i erfaringa med at hud skrukkar seg i vatn. La elevane utforske kva som skjer med løvetannstilkar og hud i vatn og i saltvatn. Forklar kvifor det blir ein forskjell. Utvid ved å samtale om korleis nokre plantar toler saltvatn.
Utforsk vidare isbitar som smeltar i ferskvatn og i saltvatn. Forklar observasjonar og temperaturregistreringar.
Vurdering
Undervegs i opplegget er det viktig å snakke med elevane for å finne ut korleis dei tenker og vurdere om dei er klare for å gå vidare i opplegget. Vurder kva for spørsmål som skal stillast for å leie elevane vidare i utforskinga og for å finne ut kva elevene veit og tenker. Særleg for å engasjere er det lurt med opne spørsmål der elevane blir oppmoda til å sette ord på eigne tankar, for å finne ut kva dei veit om emnet og få dei til å reflektere.
Opplegget avsluttast med at elevane lagar ein plakat med bilde som dei har tatt undervegs. Dei fortel kva dei har gjort og kva dei har funne ut om ferskvatn/saltvatn.