natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Interessevekking og planlegging
grubleteikninga om rusting saman med elevane. Få fram ulike idear hos elevane. Spør: Kva for ting har de opplevd at rustar? Kva lurar de på om rust?
1. Diskuter2. Be elevane gå på fotojakt for å ta fem ulike bilde av noko som rustar. Elevane skal i smågrupper vise bilda til kvarandre og samtale om kva for materiale som rustar og kva problem rust skapar.
3. Saman skriv dei ein tekst om rust med bilda som illustrasjonar. Kvar gruppe presenterer teksten sin for resten av klassa.
4. Neste steg er at elevane lagar ein plan for noko dei vil undersøke om rust. Gi forslag om kva dei kan undersøke, som å samanlikne kor fort ulike materiale rustar eller i kva for grad spikrar rustar i vatn, tørr luft og fuktig luft. Be elevane diskutere to og to kva dei vil undersøke. Vidare må dei lage eit forskingsspørsmål og formulere ein hypotese som svar på spørsmålet.