natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- 10–15 minutt
3A. Trådlaus kommunikasjon
Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [funksjonen til internett, ruter, server, flytskjema, dekning, adresse, basestasjon]
Ark 1 i PowerPoint. Sei: I forrige økt snakka vi blant anna om korleis mobiltelefonar kommuniserer via basestasjonar.
Ark 2 i PowerPoint. Spør: De brukte finnsenderen.no til å finne basestasjonar i nærleiken. Var det nokon som fann dei og fikk teke bilde?
La elevane få vise bilda dei har teke.
Ark 3 i PowerPoint. Repeter kva dekning er. Denne gangen er det basestasjonen som sender bølger som må treffe telefonen. Sei: På engelsk heiter basestasjon «cell tower». Kan de tenke dykk kvifor dei bruker ordet «cell»? [basestasjonen har ei avgrensa rekkevidde utover i landskapet som vi kan teikne som ei celle, slik som fengselscelle, blodcelle osv. er avgrensa rom ...] Sei: På grunn av denne cella, kallar dei mobiltelefon for «cell phone».
Spør: Kor lang rekkevidde trur de wifi har? Bruk tenk-par-del Be elevane slå opp i elevheftet på side 6: Fire kategoriar av trådlaus kommunikasjon. Be dei to og to prøve å fylle ut rekkevidde og eksempel på bruk. Dei kan gjerne bruke internett for å leite etter svar. Fordel da kategoriane slik at kvart elevpar berre leiter etter svar på ein av kategoriane.
Fagleg bakgrunn
Ark 4 i PowerPoint. Gå gjennom dei fire kategoriane trådlaus kommunikasjon vi har:
- direkte kommunikasjon (bluetooth, NFC (Near Field Communication))
- småcelle (wifi)
- storcelle (4G)
- satellitt
Eksempel på bruk:
- NFC: mobilbetaling
- bluetooth: kople hodetelefon til telefon
- wifi: kople telefon til internett heime
- 4G: tilgang til internett på gata
- satellitt: tilgang til internett frå ein fiskebåt
Be elevane notere ned på elevarket det dei manglar og sei at dette arket blir eit verktøy når dei skal jobbe med oppdraget.
Ark 5 i PowerPoint. Be elevane notere nøkkelsetning om korleis vi får kontakt med internett.