natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 3: Kva er koden?
I denne økta snakkar de først om basestasjonane som elevane har sett ute og går djupare inn i kva dekning betyr. Elevane får vidare eit innblikk i korleis vi kan sende informasjon ved hjelp av binære kodar. Dei skal få erfaring med å sende ord med binær kode med og utan kryptering.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- bruke ein enkel binær kode og lage ein enkel krypteringsnøkkel
Tidsbruk
3A. Trådlaus kommunikasjon | 10–15 minutt |
3B. Send ord med binær kode | 30–45 minutt |
3C. Krypter koden | 20–30 minutt |
TOTALT | 60–90 minutt |