Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Konkurrerer spirer?

Dyr vil konkurrere om ressursane for å overleve, er det slik med små plantespirer også?

 

2.12 Grubleteikning - Konkurrerer spirer (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Så nokre frø eller plant nokre frøplanter i eit kar. Plasser nokre av dei langt frå kvarandre, og andre tett i tett. Følg med når dei veks. La elevane diskuterer to og to det dei observerer og prøve å forklare resultata. Sei: Det er vanleg å så mange frø og så tynne ut etter dei har spirt. Kvifor trur de at det kan vere lurt?

 

Faglig forklaring

Planter og dyr som lever i same område vil konkurrere om ressursar som mat og vatn. Det å få tak i desse ressursane handlar om liv eller død. Generelt vil dei mest suksessrike dyra eller plantene overføre genane sine til neste generasjon. Planter konkurrerer med kvarandre, uavhengig av art, sidan dei alle treng vatn, sollys og næringsstoff frå jorda. Dersom du set frøa tett i eit kar, kan det bli for lite vatn fordi den lille jordmengda ikkje kan halde på så mykje vatn. Etter kvart som frøa blir større, vil dei kaste skugge på andre planter og hindre dei i å få sollys. Dette vil kunne hindre utviklinga mot ei frisk, vaksen plante. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger (KM832)
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Materialer og utstyr

  • frø eller frøplanter
  • kar med jord