natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- 3-4 timar
Kva flyt og kva søkk?
I dette opplegget skal elevane undersøke kva som flyt og kva som søkk i vatn. Dei skal i stor grad prøve ut sjølv og få eigne erfaringar, slik at dei kan sortere i de to kategoriane.
Dette er eit opplegg som kombinerer øving på å sortere med det å få erfaringar med fysiske eigenskapar som tyngde og volum. Sjå også naturfag.no: «Forsøk med flyting og søkking». Å sortere er ein viktig prosess i naturfag. Det kan vere ulike eigenskapar vi sorterer etter, som farge, form eller funksjon. I dette opplegget er sorteringskriteriet om ein ting flyt eller søkk i vatn. Elevane må først observere kva som skjer med tinga og så formidle resultata av undersøkingane ved å legge ting fysisk i to haugar eller teikne tinga i to boksar.
Så kva er det som gjer at noko flyt eller søkk? Kor tung tingen er vil vere avgjerande. Ein tung stein søkk raskt til botnen, mens lett isopor vil flyte i vatnet. Viss vi tar ein stein og ein isoporbit som er like store, vil det bli ei rettferdig samanlikning; størrelsen er lik, men tyngda er forskjellig.
Korleis speler størrelsen på tingen inn? Og korleis kan ein stor båt flyte medan ein liten stein søkk? Ved å forme ein ting på ulike måtar kan vi endre på om tingen flyt eller søkk. Ein klump med modelleire vil søkke i vatnet, men viss vi endrar forma til ein hol båt, kan vi få klumpen til å flyte. Da tar han større plass i vatnet og skyv unna meir vatn. Da aukar oppdrifta til båten, det vil seie at krafta frå vatnet på båten blir større, og han flyt «lettare». For å sjå på kva forma har å seie, må vi bruke den same mengda modelleire til dei ulike variantane (vi endrar ein ting av gongen).
Massetettleik er eit avansert omgrep som det tar tid å forstå innhaldet av. Definisjonen av massetettleik er masse per volum. Det er ikkje nødvendigvis dette omgrepet som skal lærast, men grunnleggande erfaringar om kva som flyt og kva som søkk vil vere med på å legge til rette for ei god forståing av omgrepet seinare. Arkimedes lov kan formulerast slik: «ein gjenstand som er i vatn fortrenger ei viss vassmengd. Oppdrifta til gjenstanden er lik tyngda av vassmengda som er fortrengt».
Eit utforskande opplegg må gje elevane rom for å reflektere og undersøke før dei får servert ein fagleg forklaring. Ein oppstartsaktivitet som «druer i farris» har til hensikt å vekke undring og engasjement. Derfor er det et lurt å vente med å komme med den riktige forklaringa til etter at elevane har fått prøvd ut kva som flyt og kva som søkk. Etter utprøvinga kan elevane først formulere si forklaring på drue-forsøket, før du supplerer med den riktige naturfaglege forklaringa.
Læringsmål
- sortere ulike gjenstandar etter om dei flyt eller søkk i vatn
- forklare kvifor nokre av gjenstandane flyt og nokre søkk i vatn ved å bruke omgrepa lett/tung og stor/liten
Nøkkelord og omgrep
Flyte, søkke, lett, tung, stor, liten, luft, metall.
Vurdering
Undervegs i opplegget er det viktig å snakke med elevane for å finne ut korleis dei tenker og vurdere om dei er klare for å gå vidare i opplegget. Vurder kva for spørsmål som skal stillast for å leie elevane vidare i utforskinga og for å finne ut kva elevene veit og tenker. Særleg i engasjeredelen er det lurt med opne spørsmål der elevane blir oppmoda til å sette ord på eigne tankar, for å finne ut kva dei veit om emnet og få dei til å reflektere.
Opplegget avsluttast med ei felles sorteringsoppgåve der du viser ulike gjenstandar. Elevene avgjer om dei meiner at gjenstandane flyt eller søkk. Dei må grunngje kvifor dei meiner som dei gjer før de testar om dette stemmer. Elevane viser også fram teikningane og notata sine.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
2. trinn
- undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
- presentere funnene sine og beskrive hvordan eleven har kommet fram til dem (KM784)
- utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)