natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
- 10–20 minutt
1D. Oppsummering
Sei: Kva er den overordna funksjonen til posten som system? [sende brev/pakkar frå ein sendar til ein mottakar].
Sei: Posten er eit eksempel på eit kommunikasjonssystem. Felles for alle kommunikasjonssystem er at dei skal sende informasjon frå ein sendar til éin eller fleire mottakarar.
Ark 24 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga på nøkkelsetningsarket på side 4 i elevheftet:
Funksjonen til alle kommunikasjonssystem er å sende informasjon frå ein sendar til éin eller fleire mottakarar.
Sei: Kva for delar består postsystemet av? [sendar, mottakar, brev, fly, postbud, adresse ...]
Be elevane skrive ned nøkkelsetninga:
Eit kommunikasjonssystem består av fleire delar med kvar sin funksjon. Delane jobbar saman for å overføre informasjon.
Be også elevane skrive ned grensesnitt med forklaring på begrepsarket:
grensesnitt: kopling mellom to delar i eit kommunikasjonssystem
Fagleg bakgrunn