natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 1: Posten skal fram
I denne økta skal oppdraget til elevane skape læringsbehov og ei engasjerande ramme gjennom undervisningsopplegget. Gjennom aktivitetane om system får elevane fram sine eigne forkunnskapar. Med posten som eit konkret eksempel byrjar dei å forstå kva som ligg i omgrepet kommunikasjonssystem og kva for delar eit slikt system består av.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- analysere eit oppdrag, sjå kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei treng for å løyse oppdraget
- fortelje om funksjonen til Posten som kommunikasjonssystem og gi eksempel på delar det består av
Tidsbruk
1A. Innleiing | 10–15 minutt |
1B. Kva er eit system? | 10–15 minutt |
1C. Flytskjema posten | 30–40 minutt |
1D. Oppsummering | 10–20 minutt |
TOTALT | 60–90 minutt |