natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Førebuing og utstyr
- Elevark WORD: bokmål (viten.no/elkom2) | nynorsk (viten.no/elkom2-NN)
- PowerPoint til elev bokmål (viten.no/elkom3) | nynorsk (viten.no/elkom3-NN)
1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).
2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.
3. I denne økta skal elevane bruke datamaskinar (til kvart elevpar eller kvar elev). Noter deg nettadressene elevane må ha for å få tak i elevarket (viten.no/elkom2 eller viten.no/elkom2-NN) og Powerpoint-presentasjonen (viten.no/elkom3 eller viten.no/elkom3-NN) dei skal bruke. Eller legg ein kopi på læringsplattforma dykkar e.l.
4. Finn ut kvar skolen har ruterane sine.
5. Gjer deg kjent med modellen om mobiltelefonsystem der elevane skal vere delaktige og finn fram utstyret. Bilda under viser delane av modellen.
Materialer og utstyr
Datamaskinar (til kvart elevpar eller kvar elev)
Til modell av mobiltelefonnett:
- to papplater á ca. 50 x 15 cm
- tre tynne tau á ca. 3 m
- to mobiltelefonar
- penn og papir (til adresseliste)