natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 2: Internett finn deg
I desse øktene skal elevane sjå nærare på internett som eit elektronisk kommunikasjonssystem.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- skildre funksjonen til internett, kva sentrale delar det består av og korleis systemet finn informasjon som er lagra
- fortelje om ulike måtar å koble seg trådlaust til internett på og korleis systemet kan vite kvar du er og kvar informasjon skal bli sendt
- teikne flytskjema som viser eit eksempel på informasjonsflyt i internett
Tidsbruk
2A. Oppdrag snakketøy | 15–20 minutt |
2B. Søk opp Lady Gaga | 25–35 minutt |
2C. Flytskjema internett | 25–35 minutt |
2D. Mobiltelefonnettet | 25–30 minutt |
TOTALT | 90–120 minutt |