natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- 25–35 minutt
2C. Flytskjema internett
Ark 16 i PowerPoint. Sei: I den første økta laga vi eit flytskjema for posten. No skal vi gjere det same for internett.
Ark 17 i PowerPoint. Sei: Eit flytskjema kan lagast på mange ulike vis og er ei grafisk framstilling av eit system eller ein prosess som illustrerer samanhengar mellom dei ulike delane av systemet eller prosessen. Eit flytskjema kan innehalde både tekst og symbol. Det er vanleg å bruke piler til å vise den kronologiske ordenen i systemet.
Ark 18 i PowerPoint. Sei: Her er eit eksempel på eit enkelt animert flytskjema for kva som skjer når vi hentar opp ei nettside. Klikk trinnvis gjennom animasjonen mens du les opp teksten.
Ark 19 i PowerPoint. Sei: Her er eit flytskjema som viser det same, men dette er sett opp slik vi gjorde med posten i økt 1. De skal lage flytskjema på denne måten for det smarte klesplagget dykkar. Klikk trinnvis gjennom animasjonen mens du les opp teksten.
Ark 20–21 i PowerPoint. Fortel elevane at dei skal jobbe i par. Dei skal opne PowerPoint-fila infografikk – slik virker internett. Fila kan dei laste ned på viten.no/elkom3 (bokmål) / viten.no/elkom3-NN (nynorsk) om du ikkje legg fila i læringsplattforma dykkar. Dei skal lage sitt eige flytskjema i PowerPoint-fila som viser hva som skjer når ein sender ein epost til ein medelev. Dei skal bruke piler for å vise korleis informasjonen flyttar seg og skrive forklarande tekst til pilane. På det andre arket er det figurar dei kan ha med.
Elevane kan også bruke internett som hjelpemiddel. Fortel elevane kor lang tid dei har på oppgåva (15–20 minutt).
La gjerne nokre elevpar få vise og forklare flytskjemaet sitt i plenum.