natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 5-7
Snødame
Kan ei kåpe hindre smelting av snødama? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg kvardagsførestilling er at nokre materiale tilfører andre stoffar varmeenergi slik at temperaturen stig. Vi kler på oss «varmt» ytterty når det er kaldt, for å halde betre på varmeenergien som kroppen produserer. Fordi vi i dette tilfellet kler på snødama ei kåpe, er det nokon som trur at kåpa vil auke temperaturen til snødama slik at ho smeltar raskare enn om ho ikkje hadde kåpe på. I røynda verkar kåpa isolerande. Ho reduserer forflyttinga av energi. Når vi kler på oss ei kåpe, reduserer det energitapet. Når snødama får på seg ei kåpe, hindrar ho snødama i å få høgare temperatur. Derfor vil ikkje snødama smelte raskare med kåpe på.
Kommentarer/praktiske tips
Spør elevane korleis vi kan finne ut kven som har rett? Kanskje får du inn eit godt forslag?
Slik kan de undersøkje saka nærmare:
Frys vatn i to plastbeger og bruk desse som modellar på snødamer. Ein sokk kan førestille kåpa. Ta så isklumpane (laga i plastbegra) og set sokken på den eine. Kva isklump vil smelte raskast? Klumpen med eller utan sokk? Kva finn de ut?
Sokken fører ikkje til at isklumpen får høgare temperatur. Sokken isolerer og sørgjer for at temperaturen stig langsamare. På den måten vil isklumpen smelte saktare.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)