natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
Isbit i vatn
Kva trur du skjer med vassnivået i glaset når isbiten smeltar? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Is flyt med 1/10 over vassflata, fordi is har mindre massetettleik enn vatn. Det vil seie at for eksempel 10 gram is har større volum enn 10 gram vatn. Når isbiten smeltar, minkar volumet og det minkar akkurat så mykje som volumet som låg over vassflata. Vannivået vil derfor ikkje forandre seg når isbiten smeltar. Båtar som køyrer i arktiske strøk er veldig forsiktige når dei møter store isfjell som flyt i vatnet. Dei ser jo berre 1/10 av isfjellet.
Kommentarer/praktiske tips
Slik kan de undersøkje saka nærmare:
Frys vatn i rømmebeger eller mjølkekartongar. Legg dei i eit stort kar med vatn. Kor mykje av isklumpen er over/under vassoverflata? Stemmer det med kva du trudde? Samanlikn med isbitar i eit vassglas. Legg ein isbit i eit glas, og fyll opp til kanten med vatn. Kva trur du skjer med vannivået i glaset når isbiten smeltar?
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
- vatn
- frysar eller kuldegrader ute
- rømmebeger eller mjølkekartong
- glas
- isbit