Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kva er rust?

 

5.6 Hva forårsaker rust NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva er forskjellen på grunnstoff, kjemisk sambinding og blanding? Be elevane finne det kjemiske symbolet for jern i periodesystemet. Undersøk rusta jern. Snakk saman om forskjellen mellom jern og rust. Spør: Korleis kan vi finne ut om eigenskapane er forskjellige? Kvifor er det viktig for ein ingeniør å forhindre rusting? 

Be elevane lage ein tabell for å forklare korleis ulike måtar å forhindre rust på verkar. 

Faglig forklaring

Rusting er ein kjemisk reaksjon mellom jern og oksygen frå lufta som omdannar jern til jernoksid. Dette skjer lettast når det er vatn til stades. Reaksjonen er langsam, så det er vanskeleg å observere han. Du må følge med på eit stykke fuktig jern i mange timar for å sjå nokon forskjell. Når jern rustar, blir jernpartiklane kjemisk bundne til oksygenpartiklar i lufta. Jernoksid er ei kjemisk sambinding. Jern og oksygen er begge grunnstoff, så jernoksid kan ikkje vere eit grunnstoff i periodesystemet. Ru i periodesystemet står for ruthenium, ikkje rust. Jernoksid har andre eigenskapar enn jern, så dersom ei jernbru rustar vil ho bli mykje svakare. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
    • Vg1 FD
      • utforske egenskaper og reaksjoner til noen stoffer og stoffblandinger som er relevante for eget utdanningsprogram (KM729)
    • Vg1 TP
      • undersøke egenskapene til ulike materialer og overflatebehandlinger og vurdere bruk av disse i et bærekraftsperspektiv (KM742)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

gjenstandar med rust

Nettressurser

(mn.uio.no)
(mn.uio.no)