natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
- kjemi 1
- kjemi 2
Når fordampar vatn?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Hell vatn i tre skåler. Spør: Kva trur de skjer med vassnivået etter kvart? Kvifor? Sett ei skål i romtemperatur, ei skål ein stad som er kaldare og ei skål ein stad som er varmare. Lag eit merke som viser vassnivået. Observer kva som har skjedd med nivået etter to eller tre dagar. Spør: Korleis trur de at ein handtørkar verkar når temperaturen er under 100 °C?
Be elevane lage ei skisse som viser korleis vatn fordampar.
Faglig forklaring
Når ei væske blir varmare, har partiklane meir energi og beveger seg raskare. Når partiklane i ei væske kolliderer, kan dei overføre energi til kvarandre. Nokre gonger, dersom partiklane er nær væskeoverflata, vil partiklane ha nok energi til å sleppe vekk frå væska og gå over til gassform. Vatnet blir vassdamp, vi seier at væska fordampar, det vil seie at ho går frå væskeform til gassform. Dette kan skje ved alle temperaturar, ikkje berre ved 100 °C, men det skjer oftare når væska er varmare fordi partiklane da har meir energi. Luft som blæs over væska kan få prosessen til å gå raskare ved å fjerne vassdampen og erstatte han med tørrare luft. Når vatn kokar, fordampar vatnet inni væska og dannar bobler med vassdamp. Dette skjer berre ved ein bestemt temperatur som vi kallar kokepunktet.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
tre skåler
vatn